Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


01.06.23

Litteraturbåten på Kleppestø



Velkommen til ein inspirerande og velsmakande kveld på Kleppestø kai!

Tid: Torsdag 1. juni kl. 19.00–20.30
Stad: Litteraturbåten Epos ved Kleppestø kai

Ikkje langt frå Askøy ligg eit landskap som er verdskjent for fjord, fjell og fonn. Hardanger byr på natur, kultur og eit reisemål utan like.Forfattar av boka Vestlandsfjorder, Espen A. Jacobsen, kjem om bord på Litteraturbåten Epos – som også har røtene i Hardanger, for å fortelje frå regionen. Det blir historie, kultur og reisetips. Som ein del av kvelden byr me på smaking av deilig eplemost og andre Hardangerspesialiteter.

Det vert også moglegheiter for å kjøpe sidersmaking, og det vert sal av ekte Hardangersider og andre forfriskingar i baren.

Om boka Vestlandsfjordene – verdens vakreste reisemål: Langs Vestlandsfjordene, mellom innland og storhav, står opplevingar og inntrykk i kø: Frå fossar og stup til sydlandske lagunar. Frå byliv til gårdsbesøk med fristande smaksprøvar. Frå hellerisningar til spanande industrihistorie. Her er berømte, klassiske reisemål, men også vekkgøymde idyllar som er ukjende for dei fleste. Me kan nyte fantastisk utsikt frå stiar og fjelltoppar, men like gjerne frå vegkanten, langs Noregs vakraste og mest innhaldsrike køyrestrekningar. Og som folk før oss har gjort i fleire tusen år: Me kan reise på fjorden. Blant opplevingane som ventar fins også eineståande båt- og ferjereiser.

Det siste året har Espen A. Jacobsen besøkt byar, bygder og plassar over heile Vestlandet med populære foredrag om områda han skriv om i boka. Denne gongen er det særleg Hardanger som står i fokus.

Espen A. Jacobsen har mellom anna også skrive Kystferie i Norge – fra Bergen til Kirkenes (2021). Han har også bidratt som fotograf til ei rekke bøker.

Gratisbillettar her.

Foto: Thomas Brevik, Vigmostad og Bjørke

Askøy folkebibliotek jobbar med fleire arrangement under besøket, så følg med på Facebook-sida deira her.