Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


Litteraturbåten Epos
Vestlandet sitt flytande litteraturhus


Stiftinga Litteraturbåten Epos vart starta i 2022 med eit nytt og unikt kulturtilbod om bord i den tidlegare bokbåten M/S Epos.

Stiftinga skal gjennom aktivitetar i båten – som seminar, debattar, opplesingar, konsertar, utstillingar, skule- og barnehagebesøk, skrivekurs og liknande – inspirere til auka interesse for norsk og internasjonal skjønnlitteratur, sakprosa og kritikk, med eit særleg auge for det nynorske skriftspråket.

I samarbeid med lokale aktørar – frå festivalar til folkebiblioteka, interesseorganisasjonar og næringsliv – vil båten vere arena for kulturarrangement og opplevingar langs kysten.

Epos har ein 60 år lang tradisjon som bokbåt på Vestlandet, og engasjementet og litteraturgleda er med inn i den nye Litteraturbåten. 

Dei store byane har sine litteraturhus. Litteraturbåten er kystsamfunna sitt ambulerande litteraturhus. og skal vere ein møteplass og kulturarena som bidreg til ein levande kystkultur og eit breiare kulturtilbod.

Stiftinga vil også fungere som eit knutepunkt for erfaringsutveksling på kultur,- turisme- og opplevingsfeltet. Det er kultur, fartøyvern, næringsutvikling, turisme og samhandling i praksis.

Båten  er verna av Riksantikvaren. Stifting skal ta vare på båten og tradisjonane knytt til den, samstundes som det vert utvikla eit nytt og moderne kulturtilbod til glede for folk langs kysten.

Me ynskjer å samarbeide breitt om prosjekt og arrangement, ta meir enn gjerne kontakt med oss om du har ein idé til noko som kan passe om bord!




Epos ein gong på 70-talet.
Styret

Ruth Ørnholt - styreleiar
Egil Sunde - nestleiar
Trond Leirvik Onarheim
Stig Holmås
Oddny Miljeteig
Henriette Tøssebro
Olav Steinar Namtvedt

Berekraft 

Litteraturbåten Epos er ein berekraftig arena, og me gjer det me kan for å avgrensa utsleppa våre mest mogleg.  Å ta kulturarrangement til lokalsamfunna bidreg til kort eller ingen reiseveg for dei som ofte må køyre langt for desse opplevingane elles. Utøvarane bur og reiser med båten mellom arrangementa, og sparer soleis miljøet. Samla sett meiner vi litteraturbåten er eit lågutsleppstilbod.

Likevel får me ofte spørsmål om berekraftperspektivet for ein eldre dieselbåt. Ja, Epos går på diesel og har nokre utslepp knytt til det. Samstundes sparar ein utslepp som ville vore ved å bygge ein ny båt, og nyare forsking viser til at dette er eit viktig berekraftsmoment framover – å bruke dei fartøya som allereie eksisterer så lenge som mogleg. Me avgrensar utsleppa på dei måtane me kan. Me går med sakte fart, vel hamner der me kan bruke landstraum, og om bord på ein båt med avgrensa tilgang til varmt vatn og naturlege grenser for straumbruk er lågare forbruk ein naturleg del av skipslivet.