Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


Du kan leige litteraturbåten


Ta kontakt om du har eit arrangement som treng ein båt, om du treng ein stad å ha arrangementet ditt, eller om du ynskjer ein organisasjon å samarbeide om eit nytt kulturprosjekt. Me er opne for dei fleste samarbeidsformer- og partnarar, og det er mogleg å leige Epos til eigne arrangement. Moglegheitene er uendelege!

Epos kan ta 100 passasjerar, men då er det fullt! På arrangement for vaksne med sitjeplassar er det plass til om lag 80 personar i den store salongen. Om lag 50-60 med bord og stolar. Me har også ein mindre salong til skrivekurs, workshops, møter o.l. med plass til 25 personar. I tillegg har me eit større soldekk som kan nytast på fine dagar både til sjøs og til kais.