Forteljingar i vest

Saman med Jakob Sande - senteret, Memoar og Fjordkysten Regional- og geopark samarbeider Litteraturbåten Epos om eit fellesprosjekt kalla Forteljingar i Vest.
Der dreg vi rundt i kommunane Fjaler, Hyllestad, Solund og Askvoll, og samlar forteljingar som vi freistar bevare og attfortelje. I veke 44 vert det opne kveldsarrangement i kvar av Fjordkysten regional- og geopark sine episenter.
I Fjaler er Daniel Toa-Kwapong kjelda. Daniel har budd i Fjaler i over 28 år og fortel om korleis det er å høyre til i kommunen, om både gleder og utfordringar lokalt og globalt. Forteljar Bjørn Enes frå Memoar og kulturjournalist og dagleg leiar i Litteraturbåten Epos, Maria Pile Svåsand, attfortel og samtalar med Daniel. Arrangementet i Fjaler vert i Løa i Jakob Sande - senteret
Arrangementet er gratis og ope for alle. Etter samtalen i Løa kan de spasere bort i Samvirket og oppleve monologen Korte år, lange dagar med Samir Madad. Monologen med hiphop-element, der Samir Madad deler si historie frå Afghanistan til ein liten tettstad på Nordvestlandet. "Korte år, lange dager" fortel om hans første julefeiring i Noreg, om å finne norske besteforeldre, hans fascinasjon for hiphop, ønsket om bunad, livet i eit kott på Helsfyr, og saknet av ein forsvunnen far.
Billettar til monologen i Ticketco finn du ved å trykke på desse orda.
Forteljingar i vest er produsert med støtte frå Vestland fylkeskommune