Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


02.06.23

 Litteraturbåten på Fedje



Velkommen til ein inspirerande og velsmakande kveld på Fedje!

Tid: Fredag 2. juni

Ikkje langt frå Askøy ligg eit landskap som er verdskjent for fjord, fjell og fonn. Hardanger byr på natur, kultur og eit reisemål utan like.Forfattar av boka Vestlandsfjorder, Espen A. Jacobsen, kjem om bord på Litteraturbåten Epos – som også har røtene i Hardanger, for å fortelje frå regionen. Det blir historie, kultur og reisetips. Som ein del av kvelden byr me på smaking av deilig eplemost og andre Hardangerspesialiteter.

Det vert også moglegheiter for å kjøpe sidersmaking, og det vert sal av ekte Hardangersider og andre forfriskingar i baren.

Om boka Vestlandsfjordene – verdens vakreste reisemål: Langs Vestlandsfjordene, mellom innland og storhav, står opplevingar og inntrykk i kø: Frå fossar og stup til sydlandske lagunar. Frå byliv til gårdsbesøk med fristande smaksprøvar. Frå hellerisningar til spanande industrihistorie. Her er berømte, klassiske reisemål, men også vekkgøymde idyllar som er ukjende for dei fleste. Me kan nyte fantastisk utsikt frå stiar og fjelltoppar, men like gjerne frå vegkanten, langs Noregs vakraste og mest innhaldsrike køyrestrekningar. Og som folk før oss har gjort i fleire tusen år: Me kan reise på fjorden. Blant opplevingane som ventar fins også eineståande båt- og ferjereiser.

Det siste året har Espen A. Jacobsen besøkt byar, bygder og plassar over heile Vestlandet med populære foredrag om områda han skriv om i boka. Denne gongen er det særleg Hardanger som står i fokus.

Espen A. Jacobsen har mellom anna også skrive Kystferie i Norge – fra Bergen til Kirkenes (2021). Han har også bidratt som fotograf til ei rekke bøker.

Foto: Thomas Brevik, Vigmostad og Bjørke

Ylva og villgeitene er ei ny, musikalsk forteljeframsyning om å vere glad i naturen og om å vere modig og sterk når det trengst.

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her.

Der på smale stien står han:
Breibeint, utemt, olm og frekk
Stenger vegen, senkar horna
«Eg kan ikkje jagast vekk!»

I lufta over dei kretsar ørna.  Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Ylva og villgeitene er ei forteljing om  å vere modig og sterk når det trengst, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

Biletboka er skriven av Hilde Myklebust og illustrasjonane er ved Akin Düzakin. Til Litteraturbåten Epos sin vårturnè har Rom for ord engasjert skodespelar Lina Thaula Fjørtoft til å lage ei dramatisert lesing av boka, i samarbeid med formidlar Adele Lærum Duus som har regien på framsyninga. Midtvegs langs ruta tek skodespelar Katrine Lovise Øpstad Fredriksen rolla som forteljar om bord i Epos. Til framsyninga har forfattar Hilde Myklebust laga to nye songtekstar som vert tonesett av musikar og komponist Annlaug Børsheim.

Framsyninga passar for både små og store, og for heile familien i lag. Kanskje passar ho aller best for dei mellom fire og ni år. 

Den dramatiserte lesinga av Ylva og villgeitene er utvikla med støtte frå Norsk kulturråd.

Foto: Skodespelarane som vert Ylva om bord på Litteraturbåten Epos. Foto: Michaela Gettwert.