Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


02.11.23

Forteljingar i vest


Saman med Jakob Sande - Senter for forteljekunst og Memoar har vi gleda av å presentere fellesprosjektet "Forteljingar i Vest". I haust har nemleg ei handfull kjelder frå kvar av HAFS-kommunane delt livsforteljingar med minnesamlar og forteljar Bjørn Enes for bevaring og attforteljing.

I veke 44 vert det opne kveldsarrangement - om det å høyre til - i kvart av våre nyetablerte Episenter. I Askvoll kommune har Rolf Bentås vore kjelde. Han har delt kunnskap om Grimelid og dei store endringane som har funne stad gjennom 300 år.

Bjørn Enes frå Memoar og kulturjournalist og dagleg leiar i Litteraturbåten Epos, Maria Pile Svåsand, attfortel og samtalar med Rolf for oss denne kvelden.

Arrangementet vert halde i Gamleskulen i Stongfjorden, og er gratis og ope for alle. Enkel servering. Hjarteleg velkomen!

Forteljingar i Vest er produsert med støtte frå Vestland fylkeskommune.