Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


04.05.26

Ulvik: Skulebesøk med Vegard Tenold Aase



Denne våren har Litteraturbåten med seg ein ekte gonzo-journalist. Vegard Tenold Aase kjem frå Bergen, men bur i New York. Han er journalist, og har jobba for internasjonale medium som New York Times og Vice. Særskilt mykje har han jobba med ekstreme miljø, og i ti år har han infiltrert høgreekstremistar i USA. Det har mellom anna resultert i boka Alt du elsker skal brenne. Han har også laga dokumentarfilm om den såkalla mannosfæren for Vice.

Om bord på Epos vil Vegard fortelje om korleis han jobbar, kvifor han er journalist, og fortelje historiar om alt han opplever ute i felten. Han vil sette fokus på kva metodar journalistane i dei tradisjonelle media jobbar, og kva som skal til for at noko kjem på trykk eller blir vist, og om reglane som gjeld for at noko kan publiserast.

Dette gjer han medan han set fokus på det tema han kan best: ekstreme miljø.

Ein viktig del av bakgrunnen for turnéprosjektet er Medieundersøkinga frå i fjor, som viser at 20 prosent av ungdom har låg eller ingen tillit til tradisjonelle medium. Med den statistikken i bakhovudet vil me ha med oss journalistar som jobbar grundig og hands on ute i verda for å fortelje korleis sakene i tradisjonelle medium faktisk blir til, samstundes som dei fortel om eit tema som står høgt på dagsorden for tida.

Ungomdsskulen i Ulvik besøker Epos. Programmet er i samarbeid med Ulvik Herad og Haugesenteret.

Turnéen er støtta av Fritt ord og Kulturdirektoratet.