Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


04.11.23

Forteljingar i vest


Saman med Jakob Sande - Senter for forteljekunst, Fjordkysten regional- og geopark og Memoar har me gleda av å presentere fellesprosjektet "Forteljingar i Vest".

I haust har nemleg ei handfull kjelder frå kvar av HAFS-kommunane delt livsforteljingar med minnesamlar og forteljar Bjørn Enes for bevaring og attforteljing.

I veke 44 vert det opne kveldsarrangement - om det å høyre til - i kvart av våre nyetablerte Episenter.

I Solund kommune er Hans Utvær og Siri Linn Brandsøy kjelder. Dei har delt minner og forteljingar som gjev innblikk i livet ved havet; om det som vart borte og noko nytt som kanskje er i frø. Bjørn Enes frå Memoar og kulturjournalist og dagleg leiar i Litteraturbåten Epos, Maria Pile Svåsand, attfortel og samtalar med Hans og Siri Linn for oss denne kvelden.

Arrangementet vert halde på Gjenbruket i Hardbakke, og er gratis og ope for alle. Enkel servering. Hjarteleg velkomen!

Forteljingar i Vest er produsert med støtte frå Vestland fylkeskommune.