Leirvik: Vegard Tenold Aase om høgreekseme USA

Den norske journalisten Vegard Tenold Aase fortel frå felten som journalist i USA i ei heilt spesiell tid.
Aase har sidan 2010 infiltrert fleire av dei mest ekstreme nasjonalistmiljøa i USA. Grupperingane var ein del av ein dårleg organisert understraum i det amerikanske samfunnet, heilt fram til valet av Donald Trump som president i 2016. Med det var det mykje som endra seg: Openberr rasistisk motivert vald prega stadig fleire politiske mønstringar, medlemstala i nasjonalistiske organisasjonar steig, og politikarar på nasjonalt nivå, presidenten inkludert, gav næring til dei same grupperingane sine frustrasjoner.
I boka Alt du elsker, skal brenne tek Aase oss med til den mørke og paranoide vrangsida av Amerika; ei parallell verd der den kvite rase er truga, og fienden lurer bak kvart einaste gatehjørne. Dette er forteljinga om den kvite nasjonalismen si gjenføding i USA, fortald frå innsida. I samarbeid med Folkeakademiet Stord.
Billettar kan kjøpast i døra.
Pris: 150kr
For medlem av Folkeakademiet: 75 kr.Start: 18:00
Epos ligg ved Notahaugsbrygga
Arrangementet er støtta av Fritt ord.
Foto: Peter van Agtmael. Grafisk: Carolina Andrade


