Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


05.06.23

Ylva og villgeitene


Ylva og villgeitene er ei ny, musikalsk forteljeframsyning om å vere glad i naturen og om å vere modig og sterk når det trengst.

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her.

Der på smale stien står han:
Breibeint, utemt, olm og frekk
Stenger vegen, senkar horna
«Eg kan ikkje jagast vekk!»

I lufta over dei kretsar ørna.  Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Ylva og villgeitene er ei forteljing om  å vere modig og sterk når det trengst, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

Biletboka er skriven av Hilde Myklebust og illustrasjonane er ved Akin Düzakin. Til Litteraturbåten Epos sin vårturnè har Rom for ord engasjert skodespelar Lina Thaula Fjørtoft til å lage ei dramatisert lesing av boka, i samarbeid med formidlar Adele Lærum Duus som har regien på framsyninga. Midtvegs langs ruta tek skodespelar Katrine Lovise Øpstad Fredriksen rolla som forteljar om bord i Epos. Til framsyninga har forfattar Hilde Myklebust laga to nye songtekstar som vert tonesett av musikar og komponist Annlaug Børsheim.

Framsyninga passar for både små og store, og for heile familien i lag. Kanskje passar ho aller best for dei mellom fire og ni år.

Den dramatiserte lesinga av Ylva og villgeitene er utvikla med støtte frå Norsk kulturråd.

Foto: Skodespelarane som vert Ylva om bord på Litteraturbåten Epos. Foto: Michaela Gettwert.