Bergen Assembly: Ulvik
Litteraturbåten Epos vitjar Ulvik og Haugesenteret – og i samarbeid med dei inviterer me til forfattarsamtale med den anerkjende forfattaren Maaza Mengiste.
Mengiste har skrive The Shadow King, som vart kortlista til Bookerprisen i 2020, og Beneath the Lion’s Gaze. I Ulvik vert ho intervjua av Jordan Barger, som denne hausten er i skriveresidens på Haugesenteret.
Maaza Mengiste (f. 1971 i Addis Abeba) er forfattar og fotograf. I arbeidet sitt utforskar ho liva til enkeltpersonar slik dei er forma av politisk vald, minne og migrasjon. Ho har skrive The Shadow King, som vart kortlista til Bookerprisen i 2020, og Beneath the Lion’s Gaze. Mengiste har motteke stipend frå mellom anna Guggenheim Foundation, DAAD sitt kunstnarprogram i Berlin og Cullman Center for Scholars and Writers. Ho bur og arbeider i New York.
Jordan Barger er ein amerikansk omsetjar av norsk og dansk litteratur og lyrikk. Han har omsett melloom anna Tor Ulven, Sibjørn Obsstfelder og Yahya Hassan. Barger er tilknytt University of Iowa sitt masterprogram i litterær omsetjing. Denne hausten har Barger skriveresidens ved Haugesenteret i Ulvik. Opphaldet er knytt til omsetjing av deler av dagbokverket til Olav H. Hauge.
I samarbeid med 𝗕𝗲𝗿𝗴𝗲𝗻 𝗔𝘀𝘀𝗲𝗺𝗯𝗹𝘆 𝟮𝟬𝟮𝟱 er Epos vertskap for kunstprogrammet 𝘞𝘢𝘵𝘦𝘳 𝘢𝘴 𝘢 𝘓𝘪𝘯𝘬𝘦𝘳 𝘢𝘯𝘥 𝘚𝘦𝘱𝘢𝘳𝘢𝘵𝘰𝘳. Programmet fyller Epos med kunstverk og gjestekunstnarar.
Ombord kan ein oppleve nye verk av Elsebet Rahlff og Elin Már Øyen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. Verka undersøker korleis vatn kan knyte stadar saman, og forme relasjonar på tvers av geografi. Studentar fra Bergen Arkitektskole har bygd nytt interiør på Epos.
𝗟𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝗯𝗮̊𝘁𝗲𝗻 𝗘𝗽𝗼𝘀 er ein omreisande kulturarena som har ein lang tradisjon med å besøke kystsamfunn på Vestlandet. Epos fungerte som flytande bibliotek frå 1960-tallet og fram til 2020. No er båten ein mobil kulturarena som er driven av ei eiga stifting, der det vert arrangert opplesingar, utstillingar, skulebesøk og meir. Ofte i samarbeid med biblioteker, festivaler og andre lokale aktører.


