Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


05.11.25

Litteraturcruise med Anders Totland


Merk: Båten går frå Notahaugsbrygga, ved sida av ABB/Trollkrabben-bygget.

For nøyaktig ti år sidan lanserte Anders Totland si aller første bok under Falturiltu – verdas største nynorske barne- og ungdomslitteraturfestival. Sidan har det kome ein jamn straum av bøker i dei fleste sjangrar frå skrivestova på Valen, og Totland har ifølgje Aftenposten kanskje blitt sin generasjons mest allsidige forfattar.

No er den lokale forfattaren igjen aktuell med nye forteljingar i ein heilt ny sjanger. Så kva høver vel betre enn å feira tiårsjubileet, og samtidig lansera eit heilt nytt prosjekt, under årets festival?

Kveldens arena er Litteraturbåten Epos, saman med gjest og spelemann Nils Trygve Markhus (som er opphavet til ein av karakterane til Anders Totland, nemleg Nils Terje på butikken)

Litteraturbåten legg frå kai klokka 19 og turen tek rundt 1 time og 30 minutt. Møt helst litt før så du kjem deg om bord:)

Arrangementet er i samarbeid med Samlaget. Vel møtt!