Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


08.05.23

Litterær samtale med Brit Bildøen 


Brattholmen:
Klokka 19:00

Få ei unik litteraturoppleving ombord på Litteraturbåten Epos når den kjem til kai i Brattholmen. Møt forfattar Brit Bildøen i samtale om eigen forfattarskap.

Brit Bildøen er ein av Noregs fremste samtidsforfattarar, og har skrive romanar, barnebøker, essay og lyrikk. Ho er fødd i Ålesund og oppvaksen på Aukra. Bøkene hennar er omsett til fleire språk, og ho har vunne ei rekke prisar. Mellom anna P2-lytternes romanpris, Dublin Literary Award, Nynorsk litteraturpris og Amalie Skram-prisen.

Bildøen er kanskje mest kjend for dei mange romanane sine, men med Over land og hav – eit år med trekkfuglar har ho også blitt ein populær sakprosaforfattar. Brit Bildøen sin rikhaldige forfattarskap gjev utgangspunkt for å snakke om dei store tema i livet. Gjennom ein samtale om Bildøen sitt forfattarskap kjem me innom tema ho skriv om, frå kjærleik til foreldreskap, likestilling og relasjonar, gjennom kvardag og kriser. Vidare er Bildøen særs klar over si eiga rolle i litteraturhistoria, og har ei stor litteraturinteresse ho tek inn i samtalen om eigne bøker.

Programmet er arrangert av Øygarden bibliotek. Samtaleiar er dagleg leiar for Litteraturbåten Epos; Maria Pile Svåsand og programmet er utvikla av Rom for ord.

Gratis