Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


09.05.23

Litteraturbåtfestival i Bergen!


Litteraturbåten skipar til minifestival i Bergen!

Program:
Tysdag 9.mai
19:00-21:00

Fugletur med Brit Bildøen

Brit Bildøen inviterer til to timars seglas frå Bergen sentrum.

Bli med på minicruise saman med forfattar Brit Bildøen og ein fuglekjennar frå BirdLife Bergen.

I 2020 gav Brit Bildøen ut si første sakprosabok, «Over land og hav : Eit år med trekkfuglar.» Her tar ho lesaren med på ferda frå fuglefjell og myrlandskap i nord til vide sletter og næringsrike laguner i sør. Strabasiøse reiser som halvparten av dei fuglane vi tenker på som «våre» tar to gonger i året.

Gjennom alle tider har folk latt seg fascinere av fugletrekket. Forsking og fugleobservasjonar har gitt oss svar på mange spørsmål; no veit vi kvar dei forskjellige artane drar, og vi veit mykje om korleis dei orienterer seg. Men framleis er det mykje å undrast over. Forfattaren og fuglekjennaren vil først samtale i salongen; både om trekkfuglar generelt og om lokale fugleartar- og opplevingar. Om vêret tillèt det, flyttar vi oss etter kvart opp på dekk med kikkertar.

Båten går frå Dreggekaien 19:00 og er tilbake 21:00. Sal av forfriskingar om bord. 

Billettar kjøper du her.