Arbeidsvisning: Oda

9. desember klokka 18 inviterer me til arbeidsvisning av ei heilt ny litterær førestilling på Litteraturbåten Epos.
Billettar kan kjøpast her.
På ei ferjestrekning ein stad på Vestlandet, sit ei kvinne på veg bort. Kvar ho skal veit ho ikkje, berre bort, bort frå Henrik og huset hans og bort frå dei to borna hans. Og har borna i det heile lagt merke til at ho drog, tenker ho, har dei i det heile spurt etter henne?
Oda er i byrjinga av tredveåra, og har mange byrjingar bak seg. Ho lengtar etter tilhøyre og stabilitet, og når ho forelskar seg i Henrik, tek det ikkje lang tid før ho flytter inn til han. I byrjinga kjennest det som ei lette å starte på ny, men etter kvart ser Oda dei nye omgjevnadane sine med nye augo.
“Oda” er ein monolog under arbeid av Kristine Brusdal. Den vert framført av skodespelar Kine Eliassen og musikar Johan Lindvall. Etter visninga vert det ettersnakk med dramatikar Kristine Brusdal.
Prøveførestillinga er fyrste visning for prosjektet, som vart til etter ei utlysing frå Regionalt nettverk for litteraturarrangørar på Vestlandet. Nettverket søkte nye litterære prosjekt for scena. I 2027 legg “Oda” ut på vestlandsturné med Litteraturbåten Epos.
Regionalt nettverk for litteraturarrangørar på Vestlandet består av Litteraturbåten Epos, Jakob Sande-senteret i Fjaler, Kunstproduksjonshuset PreForm, Rom for ord, Den norske bokbyen i Fjærland, Sentralbadet Litteraturhus og Litteratursymposiet i Odda, Fosse-stiftinga i Strandebarm, Litteraturhuset i Stavanger, Forfattersentrum Vestlandet og Tekstallianse.
Kristine Brusdal (f.1999) er dramatikar med bachelor i dramatikk og dramaturgi frå Stockholm Konstnärliga Högskola. Ho debuterte som dramatikar under Bergen dramatikkfestival 2024, med stykket Ikke et sånt barn, på Den Nationale Scene. I mai hadde eksamensførestillinga hennar Tänk dig att jag berättar för dig (en kärlekshistoria) premiere på Dramaten.
Johan Lindvall (f.1990) er pianist, komponist og forfattar. Han er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han er aktiv i band som Johan Lindvall trio og Delish. I 2020 skreiv han eit verk for Trondheim Jazzorkester, og i 2023 debuterte han som forfattar med romanen Februar på Kolon forlag.
Kine Eliassen (f.1997) er skodespelar utdanna frå Høyskolen Kristiania. Etter utdanninga har ho vore tilsett ved mellom anna Hålogaland teater, Katma teater, Nordland teater, Riksteatret og Rimfrost produksjoner. Ho har fått tildelt Sparebank1 kunstnerstipend 2024 og Statens Kunstnerstipend i 2026.
Prosjektet er støtta av Kulturrådet og Vestland fylkeskommune


