Skuleprogram og Husdraumar i Masfjorden

Litteraturbåten Epos er tilbake på turné, og besøker Masfjorden med skuleprogram for 1.-4, klasse med illustratør Inger Lise Belsvik som fortel frå boka Under ein stein. Det vert skulebesøk på Masfjordnes, Reknes og Matre.
På kveldstid er det ope program i Matre klokka 18:00 med forfattar Marit Eikemo og fotograf Marita Aarekol.
Ei undersøking i 2026 synte at 200 000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strok. Fotograf Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattar Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der. Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.
Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ei gigantisk steinblokk klint inntil husveggen. Foto: Marita Aarekol.


