Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


12.-15.09.25

Bergen Assembly



Haustturneen i år blir litt anleis enn vanleg, då Epos er del av Bergen Assembly! Epos er nemleg vertskap for kunstprogrammet Water as Linker and Separator. Med det er det installert heilt nye arbeid av Elsebet Rahlff og Elin Már Lysen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. I tillegg får ein oppleve det nye interiøret på båten, som er laga av studentar frå Bergen Arkitekthøgskole.  Epos skal ut på turné med gjestekunstnarar og eit rikhaldig program, men startar med ei opningshelg i Bergen.

Gjennom opningshelga 12.-15. september er det ei rekke arrangement på båten, og kvar kveld er den open til seint med moglegheita for å oppleve kunstverka om bord og verdas (kansje) einaste litteraturbåtbar. 

Torsdag 12/9 er det opningsfest for Bergen Assembly på Rommet på USF Verftet, og rett utanfor ligg Epos og er open heile kvelden.

Fredag flyttar Epos til Bryggen, og er open frå 12-01.
Klokka 19 er arrangementet Blocknotes: Opplesnigar med Christine Otten og Mohamedou Ould Slahi.

Laurdag og søndag går Epos turar til Salhus for opplesingar og workshops på Tekstilindustrimuseet. 

Sjå heile programmet i detalj på Bergen Assembly sine heimesider her.