Litteraturbåten kjem til Sandane!
Open familieførestilling i Sandane sentrum klokka 17!
Det er ikkje lov å bite! Det kan jo dei fleste vere einige i, men visste du at dette er ei av lovene i Noregs landslov, som vart skriven for 750 år sidan?
«Er det lov?» er ei leiken og heilt nyskriven framsyning for småtrinna eller heile familien, der me utfordrar barnas sans for rettferd og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd.
Du møtar hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte.
Gjer deg klar til å bli forundra, underhaldt, kanskje litt irritert, og i alle fall engasjert på Litteraturbåten Epos. Skodespelar Lina Taule Fjørtoft står på scena, og Adele Lærum Duus har manus og regi.
Førestillinga vert vist for fleire skuleklassar i samarbeid med kommunen.
Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet: Landslovjubileet - Vestland fylkeskommune
Landslovjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster.