Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


16.09.26

Bulandet: Peter Strassegger



Velkomen om bord i Litteraturbåten Epos!

Forfattar og psykolog Peter F. Strassegger gjestar Epos for å presentere den nye romanen Gris. Gjennom opplesing og formidling frå eiga bok tek han publikum med inn i ei moderne bondeforteljing om svik, fornedring og jakta på oppreising. Romanen er skildra som eit lite stykke gresk drama på jærsk jord og har fått ros for sitt sterke språk og rike symbolikk.

Strassegger debuterte med Stasia i 2012 og fekk Tarjei Vesaas' debutantpris. Gris er den åttande boka hans. Han har også vore med på å grunnleggje jordbrukslitteraturfestivalen Jorddøgn, som har vore med på å påvirke bakteppet for årets roman.

«Å lesa Gris er nesten som ei arkeologisk utgraving. Du som lesar må avdekka lag på lag med symbolikk, men det du sit igjen med, er verdt innsatsen.»
«Strassegger har språket i si makt.»
«Sjølv om handlinga inneheld mykje symbolikk og mystikk, er språket lettfatteleg, men samstundes perfekt for den tonen romanen set.»
– Mai Lene Fløysvik Hæåk, Stavanger Aftenblad

Velkomen til ein spennande kveld med forfattar og psykolog Peter F. Strassegger.

Programstart kl. 18:00, open båt frå 17.

Foto: Studio Hjelm/Cappelen Damm