Litterær salong med Brit Bildøen og Ruth Lillegraven
Litteraturbåten Epos er i Ulvik under Sidersleppet!
Fredag kveld inviterer me til litterær salong om bord i båten som ligg til kai ved Haugesenteret.
Kva les dei som skriv? I essay-samlinga «Litterær salong» fortel Brit Bildøen personleg og engasjert om ti kvinnelege forfattarskap ho set pris på og let seg inspirere av. Når ho held salong om bord i Litteraturbåten Epos på sidersleppet i Hardanger vil dei imaginære gjestene kunne vere slike som Doris Lessing, Gertrude Stein og Amalie Skram.
Brit Bildøen blir rekna som ein av dei fremste samtidsforfattarane våre, men har gjennom heile forfattarskapen synt ei dedikert interesse for andre skrivande. Ei av dei ho set høgt er Ruth Lillegraven frå Granvin. Om bord i den legendariske litteraturbåten vil praten gå lett mellom to vener som begge har valt lesinga og skrivinga som livsveg. I ny drakt skin Epos om kapp med sideren i blanke glas i den trivelege bok-baren om bord.
Programmet er eit samarbeid med Rom for ord, Litteraturbåten Epos og Frukt- og Siderruta.
Dørene opnar kl 19.00.
Trykk her for Facebook-hending.