Bergen Assembly - Leirvik
Epos kjem til Leirvik!
Båten er open ved Notahaugsbryggja frå klokka 16-19.
Klokka 18 held lydkunstnar Jana Winderen performance på kaien, og framfører verket Meet the Locals Underwater. I verket kombinerar ho opptak med lyd frå havet overført i sanntid. Verket ynskjer å opne for refleksjon over forholdet vårt til - og påverkinga på - marine økosystem.
Haustturneen i år er litt anleis enn vanleg, då Epos er del av Bergen Assembly! Epos er nemleg vertskap for kunstprogrammet Water as Linker and Separator. Med det er det installert heilt nye arbeid av Elsebet Rahlff og Elin Már Lysen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. I tillegg får ein oppleve det nye interiøret på båten, som er laga av studentar frå Bergen Arkitekthøgskole. Epos skal ut på turné med gjestekunstnarar og eit rikhaldig program.
Sjå heile programmet for Bergen Assembly her.