Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


21.05.23

Litterær salong med Brit Bildøen og Ruth Lillegraven


Hardangercruise med tekst- og tonefølgje

Bli med Litteraturbåten Epos på fjorden under Sidersleppet!

Båten legg frå kai ved Haugesenteret i Ulvik for eit par timar på fjorden. Undervegs får du dikt og tekst av Brit, medan Rune spelar. Det vert også tid og moglegheit til å smake på årets sider og forhåpentlegvis nyte sola og utsikta på dekk. Ei perfekt avslutning på helga.

Forfattar Brit Bildøen og jazzmusikar og komponist Rune Klakegg har eit langt musikalsk-litterært samarbeid bak seg. I 2016 skreiv dei kabareten Gertrude og Alice og kunsten å leve. Dei har fleire gonger framført, og delvis improvisert, konsertar basert på Brits tekstar og Runes komposisjonar. Ofte i samarbeid med andre musikarar, men også berre dei to. På dette cruiset vil Rune ta med seg eit eller fleire trekkspel og kanskje bassklarinett, mens Brit pakkar sjømannssekken med dikt og tekstar.

Kjøp billettar her.