Bergen Assembly - Sunde
Epos kjem til Sunde!
Båten er open ved Sunde kyst- og litteratursenter frå klokka 16-19.
Måndag 22. september kjem Litteraturbåten Epos på besøk til Bergslagen. Likeins gjer Arne Torget, som vil by på nokre smakebitar av den nye diktboka Vaflar med chili og sitron klokka 17:30.
Haustturneen til Litteraturbåten Epos i år er litt anleis enn vanleg, då Epos er del av Bergen Assembly! Epos er vertskap for kunstprogrammet Water as Linker and Separator. Med det er det installert heilt nye arbeid av Elsebet Rahlff og Elin Már Lysen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. I tillegg får ein oppleve det nye interiøret på båten, som er laga av studentar frå Bergen Arkitekthøgskole.
Sjå heile programmet for Bergen Assembly her.