Bergen Assembly - Rosendal
𝗟𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝗯𝗮̊𝘁𝗲𝗻 𝗘𝗽𝗼𝘀 besøker Rosendal - velkommen ombord!𝗟𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝗯𝗮̊𝘁𝗲𝗻 𝗘𝗽𝗼𝘀 er ein omreisande kulturarena som har ein lang tradisjon med å besøke kystsamfunn på Vestlandet. Epos fungerte som flytande bibliotek frå 1960-tallet og fram til 2020. No er båten ein mobil kulturarena som er driven av ei eiga stifting, der det vert arrangert opplesingar, utstillingar, skulebesøk og meir. Ofte i samarbeid med biblioteker, festivaler og andre lokale aktører.I samarbeid med 𝗕𝗲𝗿𝗴𝗲𝗻 𝗔𝘀𝘀𝗲𝗺𝗯𝗹𝘆 𝟮𝟬𝟮𝟱 er Epos vertskap for kunstprogrammet 𝘞𝘢𝘵𝘦𝘳 𝘢𝘴 𝘢 𝘓𝘪𝘯𝘬𝘦𝘳 𝘢𝘯𝘥 𝘚𝘦𝘱𝘢𝘳𝘢𝘵𝘰𝘳. Programmet fyller Epos med kunstverk og gjestekunstnarar. Ombord kan ein oppleve nye verk av Elsebet Rahlff og Elin Már Øyen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. Verka undersøker korleis vatn kan knyte stadar saman, og forme relasjonar på tvers av geografi. Studentar fra Bergen Arkitektskole har bygd nytt interiør på Epos. I samband med at litteraturbåten EPOS kjem til Rosendal, held Folgefonnsenteret ope frå kl. 16:00 til 18:00. Kom innom og opplev utstillinga, lær om vatnet sitt kretsløp, og bli med på ei reise i det vestnorske landskapet gjennom film. Programmet passar for både barn og vaksne.
Program på Folgefonnsenteret:
Gå på eigenvandring i utstillinga og utforsk natur, klima og livet i og rundt Folgefonna.
Delta på guida tur med «vatnet sitt kretsløp» som hovudtema.
Sjå filmen «Av vatn er det skapt – ei reise i det vestnorske landskapet» av Terje Tvedt.
Del dine eigne vatn-minne! Kartfest opplevingar og historiar frå vassdragsnaturen på Folgefonnhalvøya.
Sjå heile programmet for Bergen Assembly her.