Ylva og villgeitene/James Hill
Barneprogram i Grimo:
Ylva og villgeitene er ei ny, musikalsk forteljeframsyning om å vere glad i naturen og om å vere modig og sterk når det trengst.
Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her.
Der på smale stien står han:
Breibeint, utemt, olm og frekk
Stenger vegen, senkar horna
«Eg kan ikkje jagast vekk!»
I lufta over dei kretsar ørna. Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?
Ylva og villgeitene er ei forteljing om å vere modig og sterk når det trengst, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.
Biletboka er skriven av Hilde Myklebust og illustrasjonane er ved Akin Düzakin. Til Litteraturbåten Epos sin vårturnè har Rom for ord engasjert skodespelar Lina Thaula Fjørtoft til å lage ei dramatisert lesing av boka, i samarbeid med formidlar Adele Lærum Duus som har regien på framsyninga. Midtvegs langs ruta tek skodespelar Katrine Lovise Øpstad Fredriksen rolla som forteljar om bord i Epos. Til framsyninga har forfattar Hilde Myklebust laga to nye songtekstar som vert tonesett av musikar og komponist Annlaug Børsheim.
Framsyninga passar for både små og store, og for heile familien i lag. Kanskje passar ho aller best for dei mellom fire og ni år.
Folkebiblioteket inviterer born om bord på førestilling.
Den dramatiserte lesinga av Ylva og villgeitene er utvikla med støtte frå Norsk kulturråd.
Foto: Skodespelarane som vert Ylva om bord på Litteraturbåten Epos. Foto: Michaela Gettwert.

Kveldsprogram Grimo
Litteraturbåten Epos har med seg ein av verdas fremste fotojournalistar, James Hill. Han vil fortelje om korleis det er å dekke krigar og å reise verda rundt som fotograf for New York Times.
Hill har vunne World Press Awards og Pulitzer-prisen, to av dei aller mest prestisjetunge prisane ein fotojournalist kan få. I tillegg til å dekke konflikter verda rundt, har han gitt ut fleire fotobøker med eigne prosjekt og heldt ei lang rekke utstillingar.
Hill starta som frilansjournalist i i Sovjetunionen i 1991, midt under sovjetrepublikkane si frigjering. Vidare har han jobba i Afghanistan, Irak og ei rekke andre krigar som fotojournalist for New York Times.
Denne kvelden i Grimo fortel han frå livet som fotograf i felten, om å velje eit liv som fotograf og om korleis han har hamna på Litteraturbåten.