Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


26.04.23

Litteraturbåten i Etne


Litteraturbåten kjem til Etne!

Program:
12:00
Bjørn Sortland (for skuleborn)

19:00
Sortland og Sellevoll tek tempen på Vestlandet

Korleis går det eigentleg med Vestlandet? Kva skjer med identiteten, nynorsken, litteraturen og vestlendingane?

Bjørn Sortland og Claus Sellevoll jobba saman på teaterforestillingane Heim, ei tidsreise gjennom Vestlandet frå 1965 til i dag som har gått sin sigersgang på Det Vestnorske Teateret dei siste fem åra. No kjem dei på Litteraturbåten Epos og tek ein liten fot i bakken på temaet Vestlandet. Det blir utdrag frå Heim, som Sortland har skrive og Sellevoll framfører, og dei to vestlendingane tek ein fot i bakken og undersøker kva Vestlandet og vestlendingar eigentleg er i dag.  Det blir ein prat og ein kveld med skjemt og alvor og mykje gjenkjenning for dei aller fleste vestlendingar.

Bjørn Sortland er forfattar frå Bømlo, og har gitt ut ei lang rekke bøker for born, ungdom og vaksne. Han har fått fleire prisar og er omsett til ei lang rekke språk.

Claus Sellevoll er skodespelar, artist og forteljar frå Alversund. Han er kjend frå fleire av teaterscenane på Vestlandet, særskilt for sine revyar og kabaretar.