Bergen Assembly - Sørfjorden
𝗟𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝗯𝗮̊𝘁𝗲𝗻 𝗘𝗽𝗼𝘀 besøker Grimo, Nå og - velkommen ombord!
I samarbeid med 𝗕𝗲𝗿𝗴𝗲𝗻 𝗔𝘀𝘀𝗲𝗺𝗯𝗹𝘆 𝟮𝟬𝟮𝟱 er Epos vertskap for kunstprogrammet 𝘞𝘢𝘵𝘦𝘳 𝘢𝘴 𝘢 𝘓𝘪𝘯𝘬𝘦𝘳 𝘢𝘯𝘥 𝘚𝘦𝘱𝘢𝘳𝘢𝘵𝘰𝘳. Programmet fyller Epos med kunstverk og gjestekunstnarar. Ombord kan ein oppleve nye verk av Elsebet Rahlff og Elin Már Øyen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. Verka undersøker korleis vatn kan knyte stadar saman, og forme relasjonar på tvers av geografi. Studentar fra Bergen Arkitektskole har bygd nytt interiør på Epos.
Litteraturbåten Epos er på turné for samtidskunstfestivalen Bergen Assembly. Kvar veke er det ein ny forfattar som følger båten og 23.-30.09. er det Khosravi som er ombord.
Program i Sørfjorden laurdag
10:00 Epos går frå Grimo
10:30 Ankomst Lofthus. Lars Korff Lofthus opnar atelieret sitt rett ved kaien.
11:00 Etter ei innleiing leier kunstnaren ei vandring langs stiane som inspirerer arbeidet hans. Føremiddagen rundast av med ein samtale med Shahram Khosravi, ein av dei tre forfattarane i residens på litteraturbåten Epos.
13:00 Epos fraktar deltakarane frå Lofthus til Nå.
13:30 Ved ankomst i Nå går deltakarane opp til Alde Sider-gard, der dei blir tekne imot av Olav Bleie. Han fortel om siderproduksjonen og den lange historia med naboskap og samarbeid mellom bønder. Deltakarane får smake på sider og eplejuice frå Alde.
17:00 Programmet held fram om bord på Epos, som ligg til kai i Nå, med opplesingar og samtalar med Leander Djønne, Tora Sanden Døskeland frå Grimo og Agnes Ravatn, som kjem frå Valevåg. Publikum og bidragsytarar samlast òg til eit felles måltid på båten.
19:30 Epos returnerer til Lofthus.
19:30 Epos set kursen tilbake til Grimo, der baren om bord er open utover kvelden.
Det er mogleg å vere med på berre deler av dagen.
Shahram er opptatt av kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling som ikke er institusjonalisert: Korleis kan me dra nytte av kunnskapsdelinga frå generasjon til generasjon, mellom etablerte og nyankomne innbyggarar, korleis kan me ta vare på og utvikla den formidlinga som føregår utanfor dei formelle læringsarenaane?
Under opphaldet til Shahram vitjar Epos ei rekkje stadar. Vatnet, fjorden og havet som tradisjonelt samband mellom menneske og stadar – ikkje ei hindring kor me må bruka unødvendige minutt på fergekaien for å få bilen dit me vil – er også eit fokus for han denne veka.
Shahram vil halda ei innleiing, men er først og fremst interessert i å koma i samtale. Han vil svært gjerne få innspel frå eldre, nyankomne, born og alle andre som kan vera interesserte i ei slik utveksling.
Samtalen vil føregå på svensk/svorsk.
Sjå heile programmet for Bergen Assembly her.