Bergen Assembly - Granvin
Ein triveleg søndag på Litteraturbåten Epos i Granvin, med konsert med Alexander Aga Røynstrand,
Åsmund N. Røynstrand og Olina F. Kjerland.
Open båt med kaffi og lefse, bøker og kunst frå klokka 17, konsert klokka 19.
Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøvarane på hardingfele i landet, og kan smykke seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal. Det musikalske uttrykket hans byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger, med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste ideala. Han har likevel funne fram til personlege tolkingar og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidle gjennom musikken.
Olina spelar toradar og Åsmund spelar hardingfele, og båe to har gjort det særs godt på både Landskappleik og Jørn Hilmestemnet i sumar. På sistnemnde vann Olina klassa si. Båe to var også med på å vinne lagdansklassa på Landskappleiken, og Åsmund deltok i tillegg i halling, solo. Med andre ord: det er to særs aktive representantar for folkemusikken og folkedansen de skal få møte i kveld.
I samarbeid med 𝗕𝗲𝗿𝗴𝗲𝗻 𝗔𝘀𝘀𝗲𝗺𝗯𝗹𝘆 𝟮𝟬𝟮𝟱 er Epos vertskap for kunstprogrammet 𝘞𝘢𝘵𝘦𝘳 𝘢𝘴 𝘢 𝘓𝘪𝘯𝘬𝘦𝘳 𝘢𝘯𝘥 𝘚𝘦𝘱𝘢𝘳𝘢𝘵𝘰𝘳. Programmet fyller Epos med kunstverk og gjestekunstnarar.
Ombord kan ein oppleve nye verk av Elsebet Rahlff og Elin Már Øyen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. Verka undersøker korleis vatn kan knyte stadar saman, og forme relasjonar på tvers av geografi. Studentar fra Bergen Arkitektskole har bygd nytt interiør på Epos.
𝗟𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝗯𝗮̊𝘁𝗲𝗻 𝗘𝗽𝗼𝘀 er ein omreisande kulturarena som har ein lang tradisjon med å besøke kystsamfunn på Vestlandet. Epos fungerte som flytande bibliotek frå 1960-tallet og fram til 2020. No er båten ein mobil kulturarena som er driven av ei eiga stifting, der det vert arrangert opplesingar, utstillingar, skulebesøk og meir. Ofte i samarbeid med biblioteker, festivaler og andre lokale aktører.


