Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


29.05.25

Fosse på fjorden



«Fosse på fjorden» med Anderz Eide på litteraturbåten «Epos» kl. 1530 til seinast kl. 1800. Open kafe i Fossehuset etterpå.

Publikum vert tekne med på ein båttur på Hardangerfjorden om bord på litteraturbåten «Epos». Turen startar og endar opp på Fosse - i heimbygda til Jon Fosse i Strandebarm. Om bord ventar skodespelar Anderz Eide, som har lang røynsle med å lesa opp Fosse-tekstar. Han har mellom anna trekt fulle hus  med opplesing av romanen «Morgon og kveld», eit program som varer fleire timar. 

Denne maidagen vil Eide lesa utdrag frå ulike Fosse-tekstar, både kortprosa og romanar. Mellom leseøktene vert det høve til å kjøpa seg mat og drikke om bord. Viss vêret er dårleg, vert arrangementet gjennomført medan båten ligg til kai.

Kjøp billettar her.