Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


30.11.23

Epos 60 år!


Velkomen til jubileum!

Billettar finn du her

I 2023 er det 60 år sidan M/S Epos vart sjøsett - det må feirast! Epos har vore Bokbåten for heile Vestlandet sidan ho kom ut frå Fjellstrand verft i 1963.

Helge Jordal, Stig Holmås, Reidun Horvei, Gunnar Staalesen og Gabriel Fliflet stiller alle opp for å feire og støtte Epos 30. november klokka 19, kom du også!

Det vert musikk, opplesing, open bar og god stemning.

Med eit slikt stjernetog av underhaldarar vert dette ein fest, og dei stiller alle opp gratis for å støtte reperasjonane som er naudsynte på Epos no. Motorane treng overhaling, og det treng me litt hjelp til finansieringa av.

Bokbåten var eit flytande bibliotek for bygder og grender utan eige bibliotek, men båten hadde også med seg kulturarrangement til både store og små. Her har stjerner som Jan Eggum, Ingebrigt Davik og Olav Stedje vore på turne for å ta med seg kulturen ut i distrikta. Det har me ingen planar om å slutte med.

Stiftinga Litteraturbåten Epos vart oppretta i 2022, og eig og driv Epos som flytande litteraturhus på Vestlandet. Sidan starten har me vore på turne i heile Vestland fylke med arrangement og bøker.

Men i haust har det vist seg at motorane om bord treng full overhaling, og me kan ikkje turnere med båten igjen før dette er gjort. Sidan me er i vårt fyrste driftsår, har me ikkje nok eigenkapital til desse reparasjonene, som kjem på om lag 1.5 millionar kroner.

Fullstendig program og kaiplass vert annonsert undervegs – men me vert liggande sentralt i Bergen.

Det er avgrensa plass om bord, så ver om dykk og kjøp billett!

Om du ikkje kan komme, men likevel vil støtte Litteraturåten Epos, kan du sjølvsagt det! VIPPS: 772612

Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune.