Om Epos
Program

Utleige

Litteraturbåten Epos

Maria Pile Svåsand
Dagleg leiar
Tlf: 95967881
maria@litteraturbaten.no

Instagram
Facebook


31.05-01.06.23

Litteraturbåten på Ramsøy





Forfattar Anders Totland kjem til Litteraturbåten Epos ved Ramsøy kai. Hans nyaste roman «Til jord skal du bli», blei i haust riven ut av butikkhyllene, utan å ha fått ei einaste bokmelding i pressa – og klatra rett inn på bestseljarlista. Som om ikkje det var nok, skal boka no bli film!

«Ein tøysethriller,» kallar forfattaren boka, men det er òg eit alvor der. «Til jord skal du bli» er utan tvil ei julehistorie og ein roman utanom det vanlege. Her er det snø, julegåver, juletre og julepynt, men også gangstarar, forsømte barn, drap, blod og gørr. Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter har gjeve «Til jord skal du bli» seksar på terningen, og skriv: “Den er morosam, hjertevarm og sjarmerende på ein sjuk, sjuk måte.»

Anders Totland har på sju år gjeve ut ein drøss med bøker i mange sjangrar og for alle aldrar. Han har skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft, ungdomsromanar, vaksenromanar og no også «tøysethriller». Ein kveld med Totland er ein kveld i livet du aldri får igjen – men det kjem du neppe til å angra på. Som Stavanger Aftenblad skreiv då «Til jord skal du bli» endeleg fekk si første bokmelding rett før jul: «Det finnes verre tidsfordriv.»

Tid: Onsdag 31. mai kl. 19.00–20.00
Stad: Litteraturbåten Epos ved Ramsøy kai

BILLETTAR: Gratisbillettar finn du på www.hoopla.no

Foto: Marius Knutsen/Gyldendal
Ylva og villgeitene

Ylva og villgeitene er ei ny, musikalsk forteljeframsyning om å vere glad i naturen og om å vere modig og sterk når det trengst.

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her.

Der på smale stien står han:
Breibeint, utemt, olm og frekk
Stenger vegen, senkar horna
«Eg kan ikkje jagast vekk!»

I lufta over dei kretsar ørna.  Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Ylva og villgeitene er ei forteljing om  å vere modig og sterk når det trengst, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

Biletboka er skriven av Hilde Myklebust og illustrasjonane er ved Akin Düzakin. Til Litteraturbåten Epos sin vårturnè har Rom for ord engasjert skodespelar Lina Thaula Fjørtoft til å lage ei dramatisert lesing av boka, i samarbeid med formidlar Adele Lærum Duus som har regien på framsyninga. Midtvegs langs ruta tek skodespelar Katrine Lovise Øpstad Fredriksen rolla som forteljar om bord i Epos. Til framsyninga har forfattar Hilde Myklebust laga to nye songtekstar som vert tonesett av musikar og komponist Annlaug Børsheim.

Framsyninga passar for både små og store, og for heile familien i lag. Kanskje passar ho aller best for dei mellom fire og ni år.

Den dramatiserte lesinga av Ylva og villgeitene er utvikla med støtte frå Norsk kulturråd.

Forestillinga vert vist for skuleborn inviterte av biblioteket.

Foto: Skodespelarane som vert Ylva om bord på Litteraturbåten Epos. Foto: Michaela Gettwert.